Krokodiller og anakonda flytter inn i Bjørneparken i Flå

– Me byggjer for 30 krokodiller, fortel direktør Kees Ekeli til avisa Hallingdølen.

– Dette er aggressive cubanske krokodiller på to meter og oppover. Anakondaslangen er også livsfarleg, reklamerer direktøren.

Parken går dermed utover det opphavlege konseptet sitt. Nå skal altså eksotiske artar koma inn i naboskapet til bjørnen Rugg og dei andre dyra i parken.

Krokodillelandet, som blir Norges største, opnar 19. mars med store glupske krokodiller og babykrokodiller. Dei får eit tropisk miljø med åtte basseng å kose seg i og kunstige steinar og klipper til solplassar.

Det er 23 krokodilleartar i heile verda. Fire artar blir å sjå i bjørneparken. Det er like stor forskjell på krokodiller som det er på hundar. Fire artar er kritisk utryddingstruga. Ekeli seier at ein viss del av billettinntektene skal brukast til å støtte bevaringsprosjekt for krokodiller.

Ein tre og ein halv meter lang anakondaslange får femten kvadratmeter å boltre seg på, og fem skjelpadder blir det også gjort plass til i den 500 kvadratmeter store Vassfarhallen. Den blir bygd om i desse dagar.