Bilbruken aukar kraftig

Trafikkveksten i 2015 var den største på sju år.

Frå 2014 til 2015 voks den totale vegtrafikken i Norge med 2 prosent. Tungbilane auka markant mest med 4,2 prosent, dei korte lastebilane aller mest med 6,3 prosent. Lette kjøretøy auka med 1,8 prosent. Prosenttala betyr også at utsleppa av klimagassar auka med 280 000 tonn på eitt år. Du finn meir om dette i Vegtrafikkindeksen.